Kven kan visast på utstilling?

Hingstar opp til og med to år og hopper opp til og med tre år kan visast på unghestskue. Her er det ikkje krav om bruksprøve, det er berre eksteriøret på hesten som vert dømd.

Hopper kan visast på hoppeutstilling frå og med det året dei er tre. Hoppene må gjennomføre ei godkjend køyreprøve for å kunne oppnå premiegrad.

Vallakar kan visast frå det året dei fyller tre år. For å kunne oppnå premiegrad, må vallakane gjennomføre køyre- eller rideprøve.

Hingstar kan visast på hingsteutstilling og oppnå kåringsgrad frå og med det året dei fyller tre år. Også hingstane må ha ei godkjend køyreprøve for å kunne verte kåra, og kåra hingstar må seinare inn til ei utvida bruksprøve for å kunne oppnå premiegrad.