Stallreglar
Hestestell:
Puss av hesten skal skje i boksen.
Når du er inne hos hesten, skal døra vere lukka eller hesten bunden.
Hestar skal aldri stå bundne i stallgangen ved pussing/oppsaling.
Unngå riding nær fôringstid. Om du likevel skal ri i denne tida, ta hesten ut av stallen i god tid før fôring.
Inn- og utleiing:
Hestane skal alltid leiast i tau, aldri ved berre å halde i hodelaget/grime eller etter manen/luggen.
Det er ikkje lov å leie to hestar ut/inn samtidig.
Oppførsel i stall:
Hugs alltid å rydde opp etter deg i stall og salrom med ein gong.
Lat att alle dører du opnar.
Alt utstyr du brukar skal setjast/hengjast på plass straks du er ferdig. Heng utstyr du ser ligg laust på plass.
Rydd vaskespiltet etter bruk.
Fôring:
Følg fôrplanane for kvar hest. Fôrtavle for kvar hest heng ved stallplassen. Veg alltid opp grovfôr for kvar hest. Kontrollèr at høyet er fritt for mugg.
Sjekk drikkekar og krybbe før fôring.
FÔRINGSTIDER:
Frukost: 07:00
Middag: 13:30
Kvelds: 20:30
Private oppstallørar som ønskjer anna fôr enn i avtalen, syter for innkjøp og fôring sjølve. Privat fôr skal berre oppbevarast etter avtale med stallmeister.
Berre stallmeister og/eller folkehøgskulen sin hesteansvarleg kan bytte stallplass eller endre på fôrtavler.
Hesten sine kvalifikasjonar:
Hestar som er langtidsoppstalla skal ha veterinærattest og gyldig vaksinasjonsattest.
Hestar med lyter (eks: krybbebitt,veving, vindsluking) blir ikkje tatt inn til oppstalling på senteret utan etter spesiell avtale
Alle hestar skal behandlast på ein god og omsorgsfull måte, både stallen og i bruk!