Vi driv informasjons- og rådgivingsteneste rundt den heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordhesten.
Ta kontakt direkte med våre ansatte
Norsk Fjordhestsenter jobbar kontinuerleg for ei meir berekraftig drift.
Vi skifta i 2024 ut alle lyspunkt til LED-lys.
Det vert jobba med eit større prosjekt som gjeld gjødselhandteringa ved senteret. Her har ein i samarbeid med NIBIO og NORSØK utarbeidd eit forprosjekt som er publisert i fleire fagmiljø og mediar. Senteret nyttar i dag ei blanding av halmpellets som strø for å skape eit komposteringsprodukt av gjødsla. Ta kontakt om de ønskjer å motta gjødsel for jordforbetring eller som rein gjødsel.
FN sine berekraftsmål blei vedtatt i 2015, og er ifølge FN «verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikeheit og stoppe klimaendringane innan 2030». Betre dyrevelferd er ikkje nemd, men kan faktisk bidra til å realisere fleire av måla, og FN har siste åra påpeika dette. På FN si miljøforsamiling i mars 2022, leia av Noregs utanriksminister Espen Barth Eide, vart det gjeve brei støtte til ein resolusjon som koblar dyrevelferd til miljø og menneskehelse. Det vart også vedteke at FN sitt miljøprogram skal utarbeide ein rapport om samanhengen mellom dyrevelferd, miljø og berekraftig utvikling.
Opp