Om Norsk Fjordhestsenter
Norsk Fjordhestsenter er nasjonalt kompetansesenter for Norges nasjonalsymbol – Fjordhesten, og det er ikkje tilfeldig at det er lagt til Nordfjordeid.
Nordfjordeid vert kalla fjordhestens Mekka. Årsaken er historisk, med dei lange og gode hestetradisjonane som bygda er kjent for. Det har vore arrangert hingsteutstilling her sidan 1886. I dag er fjordhestmiljøet aktivt med mange oppdrettarar og eigarar av fjordhest. Det er i dette tradisjonsrike hestemiljøet at Norsk Fjordhestsenter er plassert, og det er ikkje uvanleg å møte fjordhest langs vegen.
Norsk Fjordhestsenter er eit kompetansesenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt denne heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordingen. Det er også stor kursaktivitet ved senteret gjennom året, og Fjordane folkehøgskule har si undervisning her. Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen.
Norsk Fjordhestsenter vart oppretta i 1989 og er eigd av Norges Fjordhestlag, Stad kommune og Vestland fylkeskommune.
Styret i Norsk Fjordhestsenter: