Korttidsoppstalling

Vi tek imot hestar til korttidsoppstalling. Dette kan t.d. vere akuelt ved veterinærbesøk, reiser eller transport av hest. Det er også mogeleg å avtale tilsyn med hesten om det er trong for det. Kortidsoppstalling må avtalast minst eitt døgn på førehand. 

Prisar

Døgnboks, 400 kr inkl mva per døgn. Inkluderer fôr og flis.

Dagboks, 250 kr inkl mva per døgn. Sørger for fôr sjølv.

Tilsyn og enkelt stell, 175 kr inkl mva per døgn. Inkluderer fôring, inn- og utslepp, møkking og flis.

Alle må møkke etter seg før dei reiser. Dersom dette ikkje vert gjort fakturerer vi 500 kroner per boks.


Alle hestar som vert stalla opp hos Norsk Fjordhestsenter skal ha gyldig vaksinasjonsattest. Det er eigne prisar for seminhopper i seminsesongen.

Ta kontakt på post@norsk-fjordhestsenter.no eller telefon 57 86 48 00 dersom du ønskjer oppstalling.

Foto: Ina Steiro Herstad