Kva skjer på ei utstilling?

På ei utstilling vil hestane verte dømde ut i frå måla i avlsplanen. Dei vil få karakterar på følgande moment: type og preg, kroppsbygnad og muskulatur, beinstilling og beinkvalitet, rørsler og heilheit eksteriør. Det er ei skjønnsvurdering frå dommarane si side som avgjer kva for premiegrad den enkelte hest oppnår. Dommarane kan også velje å sette hestar i kvalitet. Dette vert gjort med dei hestane dommarane meiner har tatt seg ekstra godt ut den dagen, og det er opp til dommarane kor mange hestar som skal stå i kvalitet i kvar klasse.

Under eksteriørbedømminga skal ein vise hesten i skritt og trav, samt stille opp hesten for dommarane slik at dei kan sjå på eksteriøret og beina til hesten. Det er viktig å trene på dette før utstillingsdagen, slik at ein får vist hesten frå si beste side.

Vaksne hestar som ikkje har premiegrad frå før, må også vise ei bruksprøve. Hopper og hingstar må gjennomføre køyreprøve, medan vallakar kan velje mellom køyre- og rideprøve. Hopper kan også velje å vise rideprøve. Dette er ikkje obligatorisk for premiegrad, men kan gi ein høgare karakter på brukseigenskapar.