Seminhingstar 2019
Norsk Fjordhestsenter tilbyr i 2019 semin frå hingstane Hallingen og Silverjo.
Silverjo
Silverjo vart spissen i 3 års klass og er ein vakker, langlagd hingst av meget god type. Han er etter 1. premie hingsten Søljo og under Mykle Nina etter Svoras Isak. Han har eit pent hovud, velansatt velforma hals med god nakke. Meget gode overlinje og bakpart. Velstilte bein og ledigt, godt skritt og trav. Stamma til Silverjo er svært god med høgt premierte dyr på begge sider. Hingsten blir på seminstasjonen i sommar, og vi tilbyr stasjonsinseminering og sending til hopper i heile landet. Det same gjeld for den andre hingsten vår.
Her finn du stamtavle og dommarkort.
Hallingen
Hallingen er ein treåring som var nr. 2 av dei nykåra hingstane på utstillinga på Nordfjordeid, og han blir i vårstasjon på seminstasjonen til over jonsok. Deretter skal han gå i slepp i Hallingdal.
Det er ein oppsynt, maskulin, muskelsterk hingst med godt fjordhestpreg. Han viser flotte rørsle med eit vegvinnande, svært ledig skritt og trav. Han har gode brukseigenskapar med ein brukseigenskapkarakter på 8,5. Faren Lauvprinsen vart og vist på Nordfjordeid og blei nr. 2 i klasse 1a. Sterkbygd hingst med svært gode gangartar. Morfar er den grå hingsten Leirdals Odin, og difor er gentest (raud/grå) på Hallingen sendt USA til undersøking.
Her finn du stamtavle og dommarkort.
Oversikt over tilgjengelege kåra fjordhesthingstar finn du i Norges Fjordhestlag sin hingstekatalog.