Seminhingstar 2017

 

Heggnes Balder

Heggnes Balder er ein 3 åring som var av dei beste nykåra hingstane på årets utstilling. Han blir i vårstasjon på seminstasjonen til over jonsok. Deretter skal han gå i slepp på Nordmøre.

Det er ein vakker lettbygd hingst med godt fjordhestpreg. På utstillinga viste han flotte rørsler og av la ei god bruksprøve . Lynne og handterbarheit er svært godt, og han var einaste hingst som fekk 10 poeng frå veterinær på det. Han er av ein stamme som er interessann, og der mange av individa er lite brukt.

Her finn du info om stamme og bedømming.

 

Fjell Finn

Den andre hingsten vår er seks år gamle Fjell Finn. Den er etter Kuling og Nidarosa og vart spiss i klassa som utførte utvida bruksprøve i 2016. Det er ein svært rasetypisk hingst med fantastisk utstråling. Vakkert hovud. Eit godt eksteriør og gode brukseigenskapar. Alle 9 åringane etter han vart stilt i kvalitet på unghestskuet på Breim.

Her finn du info om stamme og bedømming.

Fjell Finn skal vere i vårstasjon på seminstasjonen til i slutten av juni, og vil vere i slepp i Hallingdal etter det. Dette er trulig siste avlssesongen hans i Norge, då det er interesse frå utlandet på kjøp.