Norsk Fjordhestsenter arrangerer ridekurs gjennom skuleåret. I tillegg til riding skal elevane lære seg å handtere hestane i ulike situasjonar. Stell og klargjering av hestane er ein sjølvsagt del av kurset. Kursa og gruppene vert tilpassa elevane, deira nivå og utvikling.
Vårt ansvar er å utdanne våre elevar til å vise respekt og omsorg for hesten. All handtering av hestane våre skal utførast med bakgrunn i hestevelferd. Born og vaksne som er elevar på Norsk Fjordhestsenter tileignar seg faktabasert kunnskap frå utdanna instruktørar.
Til tross for at skulehestane alle er fjordhestar, har dei stor variasjon i personlighet. Som oss har dei ulike ønsker og behov, og vi tilpassar dette for at også dei skal ha gode dagar og trivast på jobb.
Påmelding og betaling
Skjer gjennom systemet Letsreg.no. Bekreftelse på tider vert sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut. For at alle skal få mest mulig ut av kurset må vi fordele rytterane som melder seg på dei ulike gruppene. Vi kan difor ikkje garantere at de får det klokkeslettet som de melder på. Om det er tidspunkt som ikkje passar er det fint om det blir notert i påmeldinga, så skal vi gjere så godt vi kan for at det skal passe for alle.
Det er ikkje rideskule på raude dagar, jul, påske og i skulen sine feriar.
Rideskulen har bindande påmelding og gjev ikkje refusjon ved avbrudd i kursdeltakelse. Det følger av angrerettloven § 22 bokstav m, at angreretten ikkje gjeld "tjenester knyttet til fritidsaktiviteter når det i avtalen er fastsatt en bestemt dato eller et bestemt tidsrom for utførelsen av slike tjenester" . Prisen på våre tilbod er sett utfrå kostnadane vi har ved å produsere ridetimar. Utgiftene til hestane er den same uavhengig av om eleven møter opp til timen eller ikkje.
Tryggleik
Vi har hjelmar til utlån om du ikkje har din eigen. Skoa du nyttar når du rir skal ha ein liten hæl som gjer at foten ikkje sklir gjennom stigbøylen. Det er lurt å bruke kle som sit tett til kroppen så dei ikkje heng seg fast i utstyret. Bruk gjerne sikkerhetsvest om du har. Vi har også nokre som kan lånast. Sikkerhetsvesten skal sitte tett til kroppen. Ta heller jakka utanpå om du treng. Bruk gjerne hanskar og ha langt hår i flette eller hestehale.
Hald alltid god avstand til hesten foran eller ved sida av deg – minst ei hestelengde (det skal vere plass til ein hest mellom). Salgjorda strammar du først når du er komen inn i ridehallen/ på ridebana. Vi brukar trapp eller krakk når vi stig på hesten for å belaste ryggen til hesten minst mulig.
Hestar er levande dyr og uforutsette hendingar kan oppstå. Det vert difor lagt ekstra stor vekt på tryggleik. Tusen takk for at du har forståing for at vi prioriterer tryggleik og hestevelferd!
Riding reknast som risikoidrett. Vi gjer vårt beste for å ivareta tryggleiken, og har rutiner og prosedyrer for å minske risikoen så godt ein kan når ein handterer eit stort fluktdyr. Vi anbefalar difor at du har ulykkesforsikring. Vi har sjølvsagt ansvarsforsikring.
Praktisk
Det er lurt å vere klar 5 – 10 min før timen startar. Gje beskjed om du blir forsinka eller forhindra i å kome.
Foreldre/ føresette må vere forberedt på å vere med å leie hesten om det skulle vere behov for det. Det kan gjerast avtaler om det ikkje er mulig for foreldre/ føresett å leie.
Det er ikkje tillatt å bruke mobiltelefon under våre ridekurs. Dette gjelde både rytter og leiar.
Det er ikkje tillatt å ha hundar i stallen og rundt ridebana når det foregår ridekurs.
Ikkje forstyrr undervisninga. Har du kommentarar til instruktør eller elev kan du gje disse etter timen.
Om søsken eller andre er med på timen må ein passe på at disse er stille og rolige på tribuna, for ikkje å forstyrre undervisninga eller skremme hestane.
Nivåinndeling
Er du usikker på hva nivå du skal melde på; kontakt oss eller gå ned eit nivå 😊
I hestesporten reknast ein som nybegynnar i lang tid, mykje lengre enn i andre idrettar. I tillegg til dei praktiske rideferdighetene skal ryttaren lære seg samspel med hesten, tryggleik og meir. Når ein skal lære seg å samarbeide med eit levande dyr tek det difor lengre tid å jobbe seg oppover i nivåa enn i annan idrett. Omsynet til hesten si velferd vil alltid vege tyngre enn ryttaren og foreldre si forventing om rask progresjon.
Instruktøren tildeler den hesten som passar best til ryttaren. Alle hestar har noko å lære ryttaren. Husk på dette om du ikkje får akkurat den hesten du hadde ønska deg på timen.
| Namn på aktivitet | Startar | Sluttar |
|---|---|---|
| Ridekurs med oppstart januar 2026 | 6. jan. 2026 | 11. juni 2026 |
Opp