Får sjeldan fjordhest i gåve

- Denne julegåva skal vi ta ekstra godt vare på, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum. Senteret får ei fjordhesthoppe i gulblakk farge i gåve frå kremlikørselskapet Fjording. Hesten med den sjeldne fargen får ei sentral rolle i formidlingsarbeidet ved senteret.

Dei fleste fjordhestane er brunblakke med den karakteristiske mørke stripa gjennom manen og over ryggen, men det finnest fem ulike variantar av fjordhestfargane. Den minst vanlege varianten kallast gulblakk, og i perioden 2014-2018 vart det fødd berre fem føl i Norge med denne fargen.

- Genetisk sett skal mykje klaffe for at eit føl blir gulblakk, fortel Hjertenes Flyum. Spesielt kritisk har det blitt når bedekningstala for fjordhest har vore så lave som dei seinare åra. Per i dag er det berre ein gulblakk hingst som er i bruk i avlen.

Stor interesse
Hesten Norsk Fjordhestsenter får heiter Asplunds Mirakel og er ei flott, gulblakk fjordhesthoppe frå Fosen i Trøndelag. Toåringen blir kjøpt inn til formidlings- og avlsarbeid på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

- Dette er bevaringsarbeid i praksis. Ikkje berre får vi mogelegheit til å vise fram heile spekteret av fjordhestfargar for publikum, på kurs og dommarsamlingar, men vi kjem sjølvsagt også til å avle på hoppa, seier Hjertenes Flyum.

Det har vore stor interesse for hoppa, også frå utlandet, men ideen om at hesten skulle bli i Norge og helst på Norsk Fjordhestsenter kom frå Hilde Sæther og fleire ivrige eldsjeler i Indre Nordmør Fjordhestlag.

- Dette er ei unik og rasetypisk hoppe det er viktig å ta vare på, og om den står på senteret får ein både vist den fram og avla på den, seier Sæter. Ho har i år føllavtale på mora til hoppa, og meinte eit slikt flott individ ville passe fint på Norsk Fjordhestsenter. Senteret har ein viktig funksjon for avlarar av fjordhest og medlemmar i Norges Fjordhestlag frå heile landet.

Gåve frå Fjording
- Då ideen om å kjøpe inn Mirakel dukka opp, var det ikkje vanskeleg for Fjording å seie ja til deltaking, seier Øyvind Løkling. Han er gründer bak selskapet Fjording, kjem sjølv frå ei fjordhestslekt, og har lenge følgt med på utfordringane som fjordhestmiljøet har hatt med lave fødselstal og innavlsproblematikk.

- Vanlegvis ventar vi til vårparten med å annonsere fordelinga av donasjonskronene, men her var det eit poeng å handle raskt. Dessutan traff denne problemstillinga midt i blinken, eller hjartet om du vil, for formålet med Fjording-donasjonen. Vi går difor inn med 50.000 i satsinga.

Kremlikøren Fjording, som blir produsert på Sandane i Nordfjord, har sidan starten valt å donere 1 dollar av kvar selde halvlitersflaske til gode fjordhestføremål. Basert på fjorårsomsetninga har det blitt delt ut 135.000 kroner i 2020. Mottakarane har vore lag og organisasjonar som bidreg til å sikre ei framtid for den raudlista nasjonalskatten. For 2021 ser det ut til at potten veks til ca. 175.000,-.

asplunds mirakel web3

 Asplunds Mirakel er fødd i 2018, og er venta til Nordfjordeid før jul. Hoppa har ein unik gulblakk farge og skal bli ein av hestane ved Norsk fjordhestsenter. Oppdrettaren er Astrid Lomsdal Frønes.