Seminhingst 2020: Myras Monrad

Norges Fjordhestlag har i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter leigd inn hingsten Myras Monrad for avlssesongen 2020.

Myras Monrad er ein fire år gammal hingst e. Nytuns Heiden u. Myrtussa ue. Luntor Vital. Han er ein velbygd hingst med godt hingstepreg. Han har ein harmonisk kropp med velforma hals, god nakke og markert manke. Beina er føre og velstilte, og han har gode vinklar i bakparten. Rørslene er taktfaste og aktive. Myras Monrad har eit godt lynne og er ein positiv hingst i all handtering. Hingsten måler 144 cm i stangmål, 22 cm i pipeomkrets og 7,5 cm i klavemål.

Norges Fjordhestlag har i 2020 vedteke å nytte avlsmidlar til å leige inn ein hingst som kan bidra med ein spesiell stamme og farge til populasjonen. Dette er gjort i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter og seminstasjonen, slik at vi kan tilby hingsten til hoppeeigarar over heile landet.

Grunnen til at vi har vald Myras Monrad er at han har ei stamme som er utanom dei mest brukte i landet. Far er avdøde Nytuns Heiden etter Solli Gråen. Morssida til Myras Monrad er av ei lite brukt hoppelinje. Myras Monrad er fargetesta som viser at han kan gje grå avkom.

Myras Monrad blir på seminstasjonen til 01.07 og vil deretter gå i slepp i Romsdalen i regi av Søre Romsdal Fjordhestlag. Hopper som kjem til seminstasjonen eller blir med i sleppet vert subsidierte av avlsmidlane med ein prisreduksjon på kr. 1000 i bedekningsavgift.

For meir informasjon ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter v/ Asle Espe (480 38 338) eller Søre Romsdal fjordhestlag.