Seminhingst 2020: Birkelid Tulllen

Norsk Fjordhestsenter presenterer med  glede Birkelid Tullen i seminteneste sommaren 2020.

Birkelidtullen er ein snart 6 år gammal hingst med godt hingstepreg, framifrå lynne og svært gode brukeigenskapar. Omtalen frå utstillinga i 2018 var: Høgstilt, maskulin hingst av meget god type. Pent hovud. Velansatt og velforma hals. God skulder. Godt vinkla kryss. Velstilte, føre bein. Gode høver. Vegvinnande, ledige, taktfaste rørsler med god innundergripen. Han fekk 1.premie og vart stilt som nr. 2 i kvalitet.

På utvida bruksprøve gjorde han ein framifrå test som nummer ein av åtte hingstar, og fekk karakteren 9 for brukseigenskapar.
Laushopping: God taksasjon og kapasitet. God bydning, men uforsiktig og hastig.
Riding: Taktfast skritt. Rommelig galopp. Godt ridbar. Mykje energi.
Terrengprøva: Tilpassar seg terrenget godt og i køyring: Stødig hest med meget god tilpasningsevne.
Helsekarakter 9.
Stangmål manke 145,5 cm, bandmål 155 cm. Brystmål 175 cm, pipeomkets 20 og klavemål 7,2.

Birkelidtullen har 15 avkom og mange av har fine resultat frå unghestskue. Eit av avkoma fødd i 2019 er grått, og difor er Birkelidtullen svært interessann for dei som ønskjer denne fargen.

Stamtavla til Birkelid Tullen er solid, og han har mange individ bakover med høgste premiegrad. Mora er Birkelid Tulla etter Torsetblakken under Birkelid Monja etter Helgfin. Far er Kornvin Freidig etter Fredrik Skovå. Alle desse individa med 1.premie. Birkelid Tullen blir på seminstasjonen frå hingsteutstillinga til midten av juli. Det blir inseminering på stasjon og vi sender fersksæd over heile landet. Vi har enda ikkje teke stilling til om vi skal ha karantene for sending utanlands.
Birkelid tullen 3web