Dagleir i haustferien

Mandag til onsdag i haustferien arrangerte Norsk Fjordhestsenter dagleir for born og ungdom. 

Det var fleire som brukte starten av haustferien i lag med fjordhesten på Norsk Fjordhestsenter. Kvar dag fekk deltakarane to økter med hest, og mellom øktene blei batteria lada med ein god lunsj. 

I løpet av desse dagane har deltakarane fått prøve seg på dressurridning, bomarbeid, sprangridning, voltige og turridning i flott vestlandsk natur. I tillegg fekk deltakarane teoretiske og praktiske oppgåver knytta til hesten sitt eksteriør. Stallarbeid, leiing av hestar inn og ut, og klargjering og stell av hest har også vore ein del av opplegget.