Uoffisiell utstilling

Norsk Fjordhestsenter, i samarbeid med Fjordane Folkehøgskule, inviterer til uoffisiell utstilling laurdag 04.mars 2023.

Uoffisiell utstilling er ei treningsutstilling for alle. Sidan det kan vere mange som ikkje  har stilt ut hest tidlegare, blir det særleg vektlegging på god rettleiing frå dommarane. Dette er god miljøtrening for hesten og vi oppmodar difor unghesteigarane om å delta. Treningsutstillinga er open for alle reinrasa hestar. Meir informasjon vert sendt ut på epost når påmeldingsfristen har gått ut. 

Hovuddomar blir Anne Siril Horstad Bruland.

Utstillinga startar kl. 10:00. Sekretariatet er ope frå kl. 9:30. Premiering etter kvar klasse.

Flotte gåvepremiar. Påmeldingsavgift kr. 250

Det blir open kiosk i kantina.

Her kan du melde deg på:

https://www.deltager.no/event/uoffisiell_utstilling

Velkomen!

Mvh                                                                                                                                                              

Norsk Fjordhestsenter