Vil du bli lærling hos oss?
Norsk Fjordhestsenter søkjer etter lærling i hestefaget. Som lærling deltek du aktivt i alt arbeid i stallen, drift av rideaktivitetar, vedlikehald og alt det andre som skjer saman med dei andre tilsette ved senteret.
Lærling i hestefaget
Vi søker deg som:
Har hjarte for fjordhesten
Er aktiv brukar av hest
Har fullført Vg2 heste- og hovslagerfag, eller tilsvarande.
Vi kan tilby allsidig arbeid og brei erfaringa frå hestefaget og eit aktivt hestemiljø. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, fråvær og orden i tillegg til fagkarakter. Våre lærlingar er tilsett gjennom Opplæringskontoret heste og hovslagarfaget.
Arbeidsstad er Nordfjordeid. Arbeid på kveldstid og i helgar må påreknast.
Send søknad med CV til Norsk Fjordhestsenter på epost: post@norsk-fjordhestsenter.no innan 18. mars 2021.
Norsk Fjordhestsenter har som føremål å fremme fjordhesten som nasjonal rase gjennom å gjennomføre nasjonale mål og strategiar innan avl og bruk for fjordhesten. Norsk Fjordhestsenter er eit av tre nasjonale hestesenter i Norge. Fjordhestsenteret har eit nært samarbeid med Norges Fjordhestlag og Fjord Horse International for å vidareutvikle fjordhesten som rase, og som ein god brukshest.