Norsk Fjordhestsenter med i internasjonal tvproduksjon

Serien Ultimate Viking kombinerer eventyr og opplevingar med levande historie og vil ha premiere på amerikanske Smithsonian Channel i 2021. Sagastad og Norsk Fjordhestsenter er med i dokumentaren som følgjer serien og Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju vert programleiarar serien. Filminga er allereie i gang.

Serien har åtte episodar, og kvar episode er forankret i historisk kunnskap om vikingetida , og utforskar korleis det var å leve som viking for 1000 år sidan. Serieskaparane har jobba tett saman med museum, arkeologar og ekspertar både i Norge og Storbritania, og det vert bygd ein eigen vikingboplass på norskekysten.
Det vert også laga ein times dokumentar som presentere meir historiske fakta, sagalitteratur og arkeologi. Både Sagastad og Norsk Fjordhestsenter er med i dokumentaren, og var med på filminga som tok til på Nordfjordeid i oktober.

The viking destination
Eli Førde Aarskog ved Sagastad og Magni Hjertenes Flyum ved Norsk Fjordhestsenter har gått svangre med dette i fleire månader, og er no glad og letta for at filmskaparne lettar på sløret slik at ein kan få fortelje litt om deltaking i dokumentaren om det historiske utgangspunktet for Ultimate viking.
- Dette set verkeleg Nordfjordeid på kartet som vikingstaden, seier Førde Aarskog, som dei siste åra har marknadsført Nordfjordeid internasjonalt som «The viking destination».

Ho meiner det er stor interesse for vikinghistorie og Nordfjordeid har mykje å formidle. Fjordhesten er ein sjølvsagt del av denne historia.
- Dette er snakk om eit prosjekt med internasjonal distribusjon, og vil verkeleg få historia om fjordhesten ut i verda, seier Magni Hjertenes Flyum ved Norsk Fjordhestsenter, som trur dette på sikt vil auke interessa for å oppleve både Sagastad og fjordhesten.

Opplevingar basert på historiske fakta
- Vi er svært glade for å vere programleiarar for denne opplevingsserien med historie og eventyr, i vårt vakre land, seier, Gry Molvær Hivju og Kristofer Hivju, medstiftarar i Tindefilm. Dei er stolte over å vise fram fjordane, havet og dei ville fjell som også våre forfedre fekk oppleve.

- For oss handlar denne serien om en ekte ekstrem opplevelse basert på vikingesamfunnet, filma i hjartet av der vikingane kom frå. Det kjem til å bli spennende, ambisiøst og basert på historiske fakta, seier dei.

Dette er Smithsonian Channel so m har gitt grønt lys til produksjonen som er ein samproduksjon mellom Tindefilm, Wildflame Productions og Zig Zag Productions.